Hei! Her kan du finne litt info om meg og min musikk. 

Eg er født i 1963 og er frå Klepp på Jæren, og har ein lideskaper for å lage viser. Eg har gjeve ut 3 album og fleire singler. Første album i 2011.

Visene er på nynorsk/dialekt, og eg bruker både eigne og andre sine tekster. Temaet er gjenkjennelege, som draumar, håp og annet eg synes er viktig. Natur som metafor, eller skildring av årstider og dens påvirkning går også igjen i mykje av mine låter. Eg liker gjerne ein litt poetisk form. 
Eg har fått lov å sette melodi til tekster av bådeHeidi Strand Harboe, Gunvor Fritzner Bertelsen og Ottar Engtrø, noko eg takksam for. 

Eg har eit sterkt rotfeste her på Jæren kor eg har budd det meste av livet.  Eg likar den opne vide himmelen, og bølgene som rullar endelaust mot dei lange kvite strendene, og dei vindskeive trea. Eg kjenner meg heime i alt dette. -  kan hende kjennes dei få vindstille dagane ekstra «mjuke og vennlege» slike stader? 

Eg likar å gå turar ved havet, men også i Ryfylkeheiene. Eg trur fredfulle stader gjer oss helsebot. Fleire av songane mine beskriv slike stunder. 

Eg er både mor, mormor, har stor familie, kjærast og gode vener å ver takksam for.
Eg har det best om eg ikkje stresser i livet. Min mest effektive måte å stresse ned er å være kreativ, eller ver ute i naturen.

Annet: Eg har i det siste teke opp ein gammel hobby. Då eg var yngre likte eg å male og tegne. Det var alt frå rosemaling til å prøve meg på biletkunst. Eg kjem til å dele litt her (sjå meny «min kunst»). 

Har du lese heilt ned her seier eg tusen takk for merksemda ;)

Med vennleg helsing 

Randi  


Create your website for free!